Krigshistorisk tur: 80 årsmarkering for D-dagen 6. juni 1944

Den 6. juni 1944 kryssa dei allierte den Engelske kanal, og storma det Tyske forsvaret på strendene i Normandie. Ved å Invadere via land, sjø og luft, fekk angrepet kodenavn operasjon Overlord, og kjent som D-dagen. Invasjonen er rekna for å det største amfibiske angrepet i militærhistorien, og gjorde det mulig å åpne ein inngang til Frankrike, vidare mot Tyskland og slutten på 2.verdenskrig i 1945.

NROF i Sunnfjord og ytre Sogn ynskjer å arrangerer ein tur til Normandie i veke 23 i år, for å delta i jubileet. Markeringa i Normandie er veldig variert og svært innhaldsrik, om ein har interesse for militær historie, er dette ein god anledning til å oppleve plassane som avgjorde verdens skjebne for 80 år sia.
Vi har satt eit grense på 10 personer, dette fordi det er enklere å finne overnatting og leigebil mede eit relativt lavt antall reisande.

 

Tentativ plan:

-Avreise 3. eller 4. juni med fly til Paris.
-Tog til Caen same dag.
-Innkvartering leilighet/hus (airbnb)
-Turer til mellom anna:
– Omaha beach
– Pegasus brigde
– Sainte Mere Eglise
– Amerikanske krigskirkegården – Pointe du Hoc
-Avreise Normandie 8.juni.
-Overnatting Paris 8-9 juni
-Retur Norge 9.juni.-
Desverre har ikkje NROF anledning til å bidra økonmisk, slik at kostnad med arrangementet må betalast av den enkelte.
Estimert kostnad for kvar person er omtrent Kr. 15000.-
Det inkluderer:
-Fly
-Tog
-Overnatting i Normandie
-Hotell Paris.
-Leigebil Normandi
Mat er ikkje inkludert, men bustaden inneheld kjøkken, og måltid kan lagast der eller resturant.
Med tanke på innkvartering i Normandie, må ein rekne med å dele rom med ein eller to personer.
Nokre linker til ulike arrangement i Normandie.

Dersom du finn dette interessant og du har anledning til å bli med finner du påmleding i Rubic her:

https://app.rubic.no/Public/Events/19234

Påmelding er bindande.

Meir informasjon vil komme til påmeldte etterkvart som det er klart.
Ta konktakt om du lurer på noke 😉

Med helsing
Ole Øyvind Olavson Ness
Tlf: 900 50 659
E-post: Ole.o.ness@bravida.no