Presidentens jolebrev

Det er snart eit år sidan Russland gjekk til sitt folkerettsstridige angrep på Ukraina. Men krigen starta eigentleg allereie i 2014 då Russland annektera Krim og intensivera den undergravande aktiviteten i dei austlege lausrivingsrepublikkane. Ukraina sloss på vegne av oss alle for fridom, likskap, menneskeverd og rettsstat. Ein del konklusjonar kan ein trekke, blant anna kor viktig forsvarsvilje, oppdragsbasera leiarskap, totalforsvar og kompetente reservistar er.

NROFs president Jørn Buø

Det er svært bra at krigen går militært dårleg for Putin og mennene hans. Ei kvar forhandling må vera på Ukraina sine premiss. Russland er (diverre) framleis Noreg sin nabo når kamphandlingane tek slutt. I min optikk kan me ikkje forbigå Russland sine brotsverk i tagnad. Den frie liberale verda må stille krav om eit verdioppgjer i Russland. Eg er diverre pessimist på dette området, og når verdioppgjeret ein gong starter, vil det ta minst to generasjonar å gjere Russland til eit godt land å leve i for dei omlag  145 millionar menneska som bur der.

Fokus på reservistar

NROF har gjennom mange år jobba grundig, veldokumentert og tålmodig mot politikarar, embetsverk og militær leiing for å skape forståing for at ein får det beste Forsvaret med ei rett blanding av reservistar og fast ansette. Denne uthaldenhetsprøva har i dei seinaste åra gjeve gode resultat. Forsvarsleiinga omtaler no Heimevernet som reservistar.

Det er i framkant av neste fagmilitære råd, Langtidsplan for Forsvaret, samt både Forsvarskommisjonen og Totalforsvarskommisjonen, brei semje og at reservistar er nødvendig i eksisterande struktur og for å robustifsere denne yttarlegare. I tilegg gjev reservistar betre øknomisk handligsrom til å skape nye avdeliingar og kapasitetar.

Både pandemien og krigen i Ukraina har tydeleg synt frem nytta av det svært reservisttunge Heimevernet. Reservistar er naudsynt for å oppnå ein tilstrekkeleg stor og uthaldande organisasjon i alle domener. I dag er den totale styrkestrukturen om lag 70 000, der om lag 65 prosent er reservistar.

Det er behov for ein større struktur med både fleire fast tilsette og ikkje minst endå større reservistinnslag. Her har forbundet høge forventningar til Stortinget, regjeringa og Forsvarssjefen i den komande prosessen fram mot eit vedtak i Stortinget neste år. Det står mykje arbeid att for at alle i sektoren til ei kvar tid skal omtale og fukusere på heile styrkestrukturen i dokument og anna som omhandlar Forsvaret.

Det har komme fram mange forhold og saker som syner at alt ikkje er på stell i Forsvaret. Varslingssaker, riksrevisjonsrapportar og ulike bekymringar om status på personell og anna. Reservistar er ikkje løysinga på alt, med erfaringar og innsikt frå alliera og partnerland syner vel at reservistsar utgjer ein forskjell. Det har ein stor verdi å take med seg komepetanse utanfrå innafor dei fleste fagfelt så sant ein er militært trent, øva og utstyrt.

Eg er også glad for at statråden i det offfelige orskiftet nyleg har vore tydeleg på at  gjennomføringsevna i Forsvaret er for dårleg og at styringen er for fragmentera. No gjenstår det å gjere noko med dette raskt.

Endringar i forbundet

NROF har god tradisjon for å fornye seg i tråd med endringane for Forsvaret og samfunnsutviklinga generelt. Over tid har forbundet opna opp for andre kategoriar enn offiserar, og denne utviklinga blei fullbyrda med landsmøtevedtaket no i sumar. Det var svært gledelig at dette blei vedteke så og seie einstemmig.

Namneendringa generera naturlig nok meir diskusjon, da dette også i noko grad er eit  kjenslesamt tema. Det nye namnet «Norsk Reservistforbund» er tidsrett og inkluderande, og eg er enda mer viss på at det er rett no i etterkant av vedtaket. Både forsvarsleiinga, forsvarskommisjonen og politisk leiing i FD har vore udela positive til det nye namnet. Eg er også svært stolt og glad over at heile forbundet utan unnatak no arbeidar uavkorta for reservistsaka.

Det er heilt avgjerande for relevansen og utviklinga av forbundet at alle medlemar deltek i vårt rike og varierande aktivitetstilbod innanfor skyting, feltsport, sanitet og meir «akademiske» militære aktivitetar. Det syner seg også tydeleg at det er aktivitet som tiltrekk nye medlemar.

Gjennom aktivitetane og fleire medlemmar styrker vi forbundet og forsvarssaka, og det gjev oss også betre grunnlag før støtte me mottek frå Forsvaret og Forsvarsdepartementet. Eg ber dykk også om følge med på aktivitetsplanen for å spre aktivitetane slik at flest mulig kan delta på ulike arrangement i sin «region».

Vi reservistar har eit ansvar

Eg kjenner det også naudsynt å minne om at me som reservistar har eit ansvar for å deltake med sakkunnskap og saklegdom i ordskiftet. Det er viktig å deltake i ordskiftet med eit eintydig fokus på sak og ikkje person. Gjerne med med tanke på å motverke spreing av falske nyhende, polarisering og splitt i en hard vinter. Dei som ikkje vil oss vel arbeidar hardt og måretta for polarisering og mistillit til styresmaktene.

Alt det gode

Avslutningvis vil eg ynskje dykk ei gledelig jol og eit velsigna nytt år. De lyt take vare på kvarandre i jola og bruke tida godt til å fokusera på alle dei gode tinga me har her i Noreg.