PROPATRIA | 2 | 2025 63 HISTORIE 12 minutt var kampane over. DS «Radbod» og DS «Albert Janus» vart senka. Løytnant James Austin «Aussie» Hakewill (27) sin Beaufighter vart råka i høgre motor av flak frå V6805. Navigatør Frederic Gordon Sides (21) hoppa ut i fallskjerm frå låg høgde. Hakewill førte flyet mot V6805 og traff kanontårn, fordekk og rorhus. Hakewill skaut mot båten med sine maskingevær heilt inn mot «Geuse». Sides sin fallskjerm vart seinare funnen tom på fjorden av Sverre Hagen (19), som rodde ut for om mogleg å berge flymannskapa. Mannskapa vart aldri funne. Døde og skadde tyskarar vart førde til land og dels på lastebilplan til sjukehuset i Volda. I juni 1947 kom foreldra til Frederic Gordon Sides til Ørsta, og var kommunen sine gjestar i tre månader. Dei kom for å finne sin einaste son, eller finne ut kva som hende med han. Dei aksepterte at fjorden vart hans grav, og ein bauta vart kransa 11. juli 1947 av oberst Ivar Navelsaker frå Infanteriregiment 11/IR11. Sidan då har det kvar 17. mai vore minneseremoniar ved krigsminnesmerket. Fra 1984 har seremoniane blitt gjennomført av NROF avd. Søre Sunnmøre. Ørsta Rotary klubb held ved like området kring minnesmerket, og har utbetra og held ved like tilkomsten. I 2001 kom skvadronleiar Neil R. Smith DFC2 frå Australia til Ørsta. Han vart letta over ny informasjon frå desemberdagen 56 år tidlegare. Av Sverre Hagen fekk Smith vite at det ikkje var han som skaut ned flyet til kameratane slik han hadde trudd i alle disse åra. Neil stilde i si uniform. Han kom attende også i 2003. Åtti år etter angrepet var det ei verdig og vindfull æresvakt ved minnesmerket, leia av kaptein (r) Hans Ole Låbakk. Veterangardist Leif Atle Strand avslutta seremonien med å spele «Bøn» på trompet. Krans og blomster vart lagt på av ordførar Per Are Sørheim og James 2 Distinguished Flying Cross. Tildeles av USA for heltemot eller ekstraordinær prestasjon i luftkamp. Under angrepet, like før ein skadd Beaufighter treff kanontårn og fordekk. Flya var ned mot 5–10 meter over vassflata før dei steig opp igjen og vidare over «The Saddle» og heim. Foto. «GunCam», Neil R. Smith/RAAF455 Squadron. Bristisk jagerbombefly av typen som blei brukt under åtaket i Ørstafjorden: «Bristol Baufighter» Type 156 – her på oppdrag over Malta. Foto: Wikimedia Commons.
RkJQdWJsaXNoZXIy MTE4MDQ5MA==