Nyheter fra NROF
Arkiv
Lokale sider
Østlandet
Vestlandet
Sørlandet
Midt-Norge
Nord-Norge
Sjømilitært Forum
Nyheter fra NROF > Går ikkje ut på dato

Går ikkje ut på dato

Tekst og foto: Anders Veberg, vpl journalist, foto: Lars Magne Hovtun, PIO i SHV-kommandoen

Reserveoffiser Alf Magne Rindal verner om kystsona. Men aller mest sine eigne medsoldatar.

 

Alf Magne er løytnant i Heimevernet, og er kalla inn til Cold Response 2010. Under øvinga er han ein av dei som brukar dagane på å passe på andre, og gjere alle oppmerksome på at eigen sikkerheit må prioriterast øverst. Med det moderne utstyret Heimevernet nyttar i dag, er dette i utgangspunktet enkelt, men mange treng likevel ei lita påminning.

 

- Mykje går på eigen sikkerheit. Under slike øvingar er mange i ein modus der oppdraget kjem først, så eiga sikkerheit og utstyr. Ein må prioritere sikkerheita, elles går det ut over heile laget.

 

I den ekstreme kulda er det ikkje berre viktig å passe på utstyret ein har fått utdelt, men også sine eigne fingrar og tær. Løytnant Rindal registrerte ingen frostskadar hjå soldatane han besøkte, men alle må likevel passe godt på.

 

Løytnant Rindal er og sekretær i styret til Norske Reserveoffiserers Forbund (NROF) si avdeling i Vesterålen, og er veldig engasjert i dette arbeidet.

-Er du ute, så er du ute

Slik beskriver løytnant Rindal innstillinga til deler av Forsvaret sentralt når det gjeld reserveoffiserane. For å betre dette, er han med i NROF, Norske Reserveoffiserars Forbund. Saman med resten av organisasjonen syter han for at reserveoffiserane får moglegheit til å halde lærdommen frå Forsvaret ved like. Gjennom sine år i Heimevernet har han blant anna lært mykje om eigensikkerheit, noko som kjem til nytte under Cold Response. Under øvinga er han ute for å kontrollere at denne sikkerheita blir opprettholdt hjå personellet ute i felten.



Alf Magne Rindal har lang fartstid i HV, og er ein av mange gode ressursar Forsvaret har i bakhand.

Fleire aktivitetar

Jobben til løytnant Rindal i NROF er mangfaldig. Til dømes å arrangerer han aktivitetar for medlemma i forbundet, til dømes konkurranseskyting. I tillegg tek dei marsjmerket og skimerket og driv med sivile disiplinar som skiskyting, saman med fleire andre militære aktiviteter.

 

Føremålet med interesseorganisasjonen er å styrke forholdet mellom reserveoffiserane og Forsvaret. Dette er eit tema som engasjerte løytnant Rindal, og han har vore styremedlem sidan 1987. Oppgåva hans er mangfaldig, og det frivillige arbeidet kan ta mykje tid.

 

- Det blir jo ein del krangel med kona om eg brukar for mykje tid på dette, smiler løytnant Rindal, og legg til at kona i realiteten er veldig forståingsfull for tida han bruker.

 

Dårlegare forhold

NROF har gode avtalar med Forsvaret sentralt når det gjeld lån av våpen, ammunisjon og bekledning. Desse avtalane blir forhandla fram av sekretariatet til forbundet i Oslo, og medlemmane er generelt svært nøgd med dette. Likevel ser ikkje løytnant Rindal berre lyst på forholdet mellom forbundet og Forsvaret.

 

Ynskjet til løytnant Rindal er at reserveoffiserane skal bli nytta meir i militær samanheng. Med offiserar frå alle forsvarsgreinene i tillegg til Heimevernet, har dei mykje kompetanse liggande. Håpet er å bli kalla inn, og bli brukt som ein styrkebrønn for det aktive Forsvaret. I samband med lite øving i Heimevernet har dette og påverka reserveoffiserane, som føler seg gløymd.

 

- Veldig mange av offiserane som blir dimittert frå Forsvaret, blir ofte gløymd . Statusen vår går jo og nedover, etter kvart som Forsvaret får bruk for mindre og mindre mannskap. Kjem du opp i ein alder på 40-50 år, blir du diverre sjeldan kalla inn lenger.

 

Løytnant Rindal er derfor nøgd med å vere innkalla til Heimevernet under denne øvinga. Sikkerheita til medsoldatane sine er noko han brenn for, og den viktige jobben gjer han med glede.



Integrerte sjø-landoperasjonar er ein vesentlig del av det HV øver på under CR10. Her ein av HV sine hundeekvipasjar som skal transporteras ut på oppdrag av eit av Sjøheimevernets fleirbruksfartøy. Foto: Lars Magne Hovtun

61 av 243
Skriv ut
SØK
Bli en -Aktiv Reserve- nå!
Copyright 2010 | NROF - Norske Reserveoffiserers Forbund, Skippergata 17, Postboks 908 Sentrum, 0104 Oslo Telefon: 22 47 82 59 Fax: 22 33 27 23 E-post:post@nrof.no   assist2net.no
Om NROF | Medlemsfordeler | Feltidrett | Skyting | Logg inn/Min side | Forum (ekstern link) | Kontakt NROF
SØK SØK Hjem mailto:post@nrof.no SØK Sidekart https://asp.gitek.no/nrof/pmws.dll/Home/ https://asp.gitek.no/nrof/pmws.dll/SignOnPub Butikk ProPatri-Vårt-Vern