|
Innbyding
til
Multimedieframsyning og boklansering om 2. verdskrig.
Trond Strømgren lanserar ny bok med hovudvekt på andre verdskrig, og med multimedieframsyning om dramatiske krigshendingar ved Florø og Batalden.
Multimedieframsyninga omhandlar:
- Den gripande forteljinga om Karstensen-familien i Batalden. Med sju ungar i huset skjulte dei i lengre tid etterretningsagentar på loftet og flyktande motstandsfolk under kjøkengolvet. Til slutt måtte dei sjølve rømme til England under dramatiske omstende.
- Brønnbåtane som smugla motstandsfolk frå Bergen, illegale radiostasjonar, åtak på Florø, flystyrt, torpedering av båtar, arrestasjonar og mykje meir.
- Etterretningsagenten Dagfinn Ulriksen frå Florø og hans operasjonar både under og etter krigen. Kva er rykte og kva er sanning?
Flora samfunnshus tysdag 3. nov. kl. 19:00
Gratis inngang. Sal av bøker.
Vel møtt til ei spanande framsyning med mange overraskingar.
|
|